Sunday, March 27, 2016

To see tomorrow today service vessels out. – Firdaposten

Slik ser morgondagens servicefartøy ut.

Onsdag før påske blei KM Nordland høgtidleg levert frå Fitjar Mekaniske Verksted.

Båten er KB Dykk AS sitt nyaste servicefartøy. Det skal i jobb på langtidskontrakt for Marine Harvest i nord.

- KB NORDLAND er så langt den sterkeste i KB Dykk-stallen, seier dagleg leiar i KB Dykk Ola Krystad.

- Med ei trekkraft på 14 tonn, ein 60 tonns vinsj og kranar på 65 og 50 tonnmeter kan fartøyet utføre tunge og krevjande operasjonar både raskt og sikkert. Båten kan laste 100 tonn på dekk, seier Krystad kry.

Til liks med søsterfartøy KB Marine og Holmtun får også KB Nordland fast dykkarutstyr montert om bord, samt en stor ROV med 1.000 meter fiberkabel og utstyr for nøyaktig posisjonering av til dømes anker og fortøyingsboltar.

Slik ser morgondagens servicefartøy ut.

KB Nordland

Lengde: 15 meter

Breidde: 12 meter

Djupne: 3,9 meter

Motor: 2 x 600 hk

Fart: Cirka 10 knop

Trekkraft: Cirka 13 tonn

Vinsj: 60 tonn

Kranar: 65 tm (med 6,5 tonns vinsj) og 50 tm (med 3,5 tonns vinsj)

Nokkar: 1 stk 10 tonn, 2 stk 3 tonn

Dekksareal: Cirka 100 m2

Dekkslast: Cirka 100 tonn.

Diesel: 33 m3

Ferskvatn: 9 m3

Ballast: 44 m3

Overlevert: 23. mars 2016  

Dykking: Overflateforsynt dykkarutstyr med kamera montert på dykkar

ROV: Argus Mariner med 1000 meter fiberkabel og posisjonering

Notvasker: Hammelmann

 

LikeTweet

No comments:

Post a Comment